Den gamle verda
(Omdirigert frå «den gamle verda»)
«Den gamle verda» er eit omgrep som blir bruka for å nemne delane av jorda som europearane kjente før Kristoffer Columbus seglde til Amerika i 1492, det vil seie Europa, Afrika og Asia.[1]
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fa/OldNewWorld_v2.png/220px-OldNewWorld_v2.png)
Motsettinga er «den nye verda» som femnar om Nord-Amerika og Sør-Amerika.[2]
Australia og Antarktis blei ikkje inkludert i omgrepa fordi desse kontinenta var ukjente i Europa då dei to omgrepa oppstod. Tidlegaste kjente bruk av omgrepet «den nye verda» er frå 1500-talet då Pietro Martire d'Anghiera skreiv om Amerika.
Kjelder
endre- ↑ «Old World». Merriam-Webster Dictionary.
- ↑ «New world». Merriam-Webster Dictionary.
- Artikkelen «Alte Welt» i Wikipedia på tysk den 16. august 2009
- Artikkelen «Den nye verda» i Store Norske Leksikon den 16. august 2009
🔥 Top keywords: HovudsideCarles PuigdemontSpesial:SøkVerdas landNasjonaldyrSpesial:Siste endringarWikipedia:SamfunnshusetØresundbruaWikipedia:KontaktMio, min MioAndre verdskrigenElizabeth II av StorbritanniaKrøllalfaWikipedia:OmHarald HendenDet norske alfabetetHjelp:InnhaldEsSkullerudRockallKorintWikipedia:AtterhaldLønnSulawesi3. juliKirsti BergstøWikipedia:ArbeidskontoretScrabbleFil:Karl Johans gate, Oslo - Riksantikvaren-T001 01 1006.jpgBlå brennmanetEgil RasmussenMa'ayan BarukhVictoria av StorbritanniaLuftlaukNoregRSSHallvard BakkeDonald SutherlandAustralia