Det kyrilliske alfabetet
АБВГҐДЂ
ЃЕЁЄЖЅЗ
ИІЇЙЈКЛ
ЉМНЊОПР
СТЋЌУЎФ
ХЦЧЏШЩЪ
 ЫЬЭЮЯ 
Utgåtte teikn
ҀѸѠѾѺѢІА
ѤѦѪѨѬѮѰ
  ѲѴѶ  

Ґ er ein kyrillisk bokstav som vert uttala som G i «gut».Han er den femte bokstaven i det ukrainske alfabetet og i belarusisk klassisk ortografi.[1]

Bokstaven var brukt i eldre ukrainsk og belarusisk ortografi, men under Sovjetunionen vart han erstatta med Г.

I ukrainsk heldt diasporaen (spreidde folkegrupper) fram med å bruke han, og han har vorte gjeninnført i alfabetet etter at Ukraina fekk sjølvstende. Bokstaven har òg vorte føreslått gjeninnført i belarusisk, men det har til no ikkje hendt.

Kjelder

endre
  1. Bosoni, Jørgen G. (27. januar 2023). «Ґ – kyrillisk bokstav». Store norske leksikon (på norsk).