Birger Jåstad

Birger Jåstad (fødd 7. oktober 1904 i Leirfjord, død 1984) var ein norsk lyrikar, dramatikar og forfattar, son av forfattaren Lars Jaastad.

Birger Jåstad

StatsborgarskapNoreg
Fødd7. oktober 1904
Leirfjord kommune
Død

8. desember 1984 (80 år)
Leirfjord kommune

Yrkeforfattar, politikar, lærar
Språknorsk
Politisk partiVenstre
FarLars Jaastad

Jåstad arbeidde som lærar, han hadde utdanning frå treårig lærarskole og eitt år på lærarhøgskolen.

Jåstad hadde fleire tillitsverv. Han var ordførar i Leirfjord kommune 1958-59. Han var dirigent for blandakor på Senja, i Sørreisa og i Leirfjord. Han var formann i Leirfjord venstrelag, formann i Leirfjord overformyndari, formann i representantskapet i Stamnes sparebank og i Alstahaug sparebank. Jåstad var også formann Leirfjord lærarlag og formann i Leirfjord fiskeriforening.

Jåstad debuterte som forfattar med skodespelet Viking fredlaus i 1941. Han gav ut eit titals bøker og var òg representert i fleire antologiar. Jåstad skreiv på nynorsk. Jåstad var med i Nordnorsk Forfatterlag tidleg, og han var ein ofte brukt radiokåsør for NRK.

Utgjevingar

endre

Utmerkingar

endre

Bakgrunnsstoff

endre