Brekke kyrkje

kyrkje i Gulen kommune

Brekke kyrkje er ei langkyrkje frå 1862 i bygda Brekke ved Risnefjorden i Gulen kommune i Vestland.

Brekke kyrkje
kyrkje
Foto: Bjarne Thune
Land Noreg
FylkeVestland
KommuneGulen
KyrkjesamfunnDen norske kyrkja
BispedømeBjørgvin
ProstiNordhordland
SoknBrekke
FellesrådGulen
TypeLangkyrkje
ArkitektChristian Heinrich Grosch
MaterialTre
Innvigd19. november 1862
KyrkjegardVed kyrkja
Sitjeplassar390
Kart
Brekke kyrkje
61°01′09″N 5°27′36″E / 61.0193°N 5.4601°E / 61.0193; 5.4601
Wikimedia Commons: Brekke kirke
Detalj av alterskapet med Maria og Jesusbarnet i kirkesamlingen Bergen museum, De kulturhistoriske samlingene
Foto: Nina Aldin Thune
Alterskapet nå i kirkesamlingen Bergen museum, De kulturhistoriske samlingene
Foto: Nina Aldin Thune

Dette skal vere tredje kyrkja i bygda, og dagens kyrkje erstatta ei trekyrkje som vart riven etter at nykyrkja stod ferdig. Det har vore kyrkje på staden sidan 1590, før den tida låg det ei stavkyrkje på garden Haugland på hi sida av Storelva.

Kyrkja vart ført opp etter teikningar av arkitekt Christian Heinrich Grosch og har altertavle måla av Anders Askevold.

Brekke kyrkje er soknekyrkje for Brekke sokn i Nordhordland prosti.

Tilkomst til staden er via Fylkesveg 1.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre