Chantal Janzen

nederlandsk skodespelar

Chantal Janzen (fødd 15. februar 1979) er ein nederlandsk skodespelar, musikalartist og tv-programleiar. Ho har hatt roller i nederlandske filmar som De Dominee, Volle maan og Deuce Bigalow: European Gigolo, og ho har leia Idols. Janzen spelte òg rollen som Belle i den nederlandske musikalversjonen av Skjønnheten og udyret og Jane i Tarzan. Ho starta seinare ein tv-karriere i den nederlandske kanalen AVRO der ho leia prisshowet Gouden Televizier-Ring Gala frå 2008 til 2010. I 2011 gjekk ho over til den kommersielle TV-kanalen RTL 4, der ho har leia program som Holland's Got Talent og The Voice of Holland. Janzen har vunne Televizier-Ster-prisen for beste tv-programleiar fem gongar. I 2020 skulle Janzen vore programleiar for Eurovision Song Contest frå Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1] I staden leia ho tevlinga i 2021.[2]

Chantal Janzen

Fødd15. februar 1979 (45 år)
FødestadTegelen
Aktive år2002–
Verka somprogramleiar, arrangementvert, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar
PrisarZilveren Televizier-Ster (female presenter)

Bakgrunn

endre

Janzen vart fødd i Tegelen og studerte seinare ved Amsterdamse Hogeschool voor de Kunsten. Ho vart undervist i dans, i sjangrar som klassisk, moderne, jazz og stepping. Ho vart òg undervist i skodespel, song og musikal.

Janzen har spelt i ei rekkje musikalar, blant andre Crazy For You, Kunt u mij de weg naar Hamelen vertellen, mijnheer, Saturday Night Fever, 42nd Street, Skjønnheten og udyret, Tarzan og Petticoat.[3][4][5]

Janzen har òg hatt gjesteroller i tv-program som Baantjer, Intensive Care, De Band, Meiden van De Wit og Kinderen Geen Bezwaar. Ho har òg leia lottotrekninga Staatsloterij Live og nederlandske Idol. Janzen har òg spelt i ei rekkje filmar, blant andre De Dominee, Feestje, Deuce Bigalow: European Gigolo, Volle Maan, Alles is Liefde, Kicks og tv-filmen Loverboy.[6] I desember 2002 slapp ho singelen «Achter De Sterren», tittelsongen frå filmen Science Fiction.[7][8]

Janzen vann John Kraaijkamp Musical Award i 2002 i klassa «kommande talent» for rolla i Saturday Night Fever. Ho vann òg ein musikalpris i 2005 for beste skodespelar i ei birolle, for innsatsen i musikalen Crazy For You. Ho vart òg nominert til beste kvinnelege hovudrolle i 2006 for rolla som Belle i Skjønnheten og udyret, og fekk ein ny nominasjon i 2007 for rolla som Jane i musikalversjonen av Tarzan. På grunn av graviditet måtte ho mellombels tre ut av rolla frå september 2008 til april 2009. Ho vart erstatta av Bente van den Branden under permisjonen. Etter Tarzan spelte ho ei rolle i Disney Musical Sing-Along.[9]

I 2011 avslutta Janzen engasjementet sitt for den nederlandske TV-kanalen AVRO og skreiv i staden kontrakt med RTL.[10] I 2012 hadde Janzen ei rolle i tv-seriane Divorce og Goede tijden, slechte tijden.[11] I 2019 hadde ho ei lita rolle i Goede tijden, slechte tijden.[12] Janzen har òg vore programleiar for ei rekkje program, blant andre De Jongens tegen de Meisjes, Everybody Dance Now, It Takes 2, Time To Dance og The Voice of Holland.[13] Ho har òg vore programleiar for Dance Dance Dance, All Together Now og Dancing with the Stars.[14][15][16] Dei siste åra har ho òg vore jurymedlem i tv-program som Your Face Sounds Familliar, Holland's Got Talent og The Talent Project[17][18]

I 2015 og 2016 var Janzen òg programleiar for den tyske versjonen av The Voice Kids og som jurymedlem i Superkids.[19][20]

I november 2019 offentleggjorde nederlandske NPO at Janzen skulle vere programleiar for Eurovision Song Contest 2020 frå Rotterdam i Nederland saman med Edsilia Rombley og Jan Smit. Men 18. mars 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1][21] I staden leia ho erstatningsshowet Eurovision: Europe Shine a Light. I 2021 fekk Janzen leia Eurovision Song Contest saman med Edisila Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager[2]

Filmografi

endre

Film

endre
ÅrTittelRolle
2002Volle maanAndrea
2003LoverboyClaudia
2003Pista!Heidi
2004Fighting FishJennifer
2004Feestje!Talita
2004De DomineeAnna
2005Deuce Bigalow: European GigoloSkandinavisk pornostjerne
2007KicksDenise
2007Shrek den tredjeSneeuwwitje
2007Alles is LiefdeSarah
2007EnchantedGiselle
2009De Hel van '63Dieuwke Ferwerda
2010Nanny McPhee and the Big BangIsabel Green
2010Het geheimLaura Stikk
2013SoofBob
2014Pak van mijn hartJulia
2017Het verlangenBrigitte Hooijmakers

Fjernsyn

endre

Som skodespelar

ÅrTittelRolle
2002ICEsther Goud
2003BaantjerJulia Hendrikx
2003De BandInge
2005Meiden van De WitWendy
2005De Lama'sSeg sjølv
2005SamenIris Bestevaer
2006Kinderen geen bezwaarSeg sjølv
2007Katja vs De RestSeg sjølv
2010–De TV Kantineulike roller, blant anna som:

Helga Geerhart, Barbie, Melania Trump, Mariska Bauer

2012Goede tijden, slechte tijdenGlinda
2012–2016DivorceSophie Schaeffer-Bax
2019–Kees & CoCoosje
2019Goede tijden, slechte tijdenAnnelies de Heer

Som programleiar eller jurymedlem

ÅrTittelMerknad
2003D'r op of d'r onderjurymedlem
2005–2006Idols 3programleiar med Martijn Krabbé
2005–2006Staatsloterij Liveprogramleiar med Carlo Boszhard
2006Staatsloterij €100.000 Showprogramleiar med Carlo Boszhard
2006–2007Ranking the Starspanelmedlem
2008[email protected]programleiar
2008–2010Uitmarkt Musical Sing-Alongprogramleiar med Frits Sissing
2008–2009Het Pink Ribbon Galaprogramleiar
2008Joseph Backstageprogramleiar med Renate Schutte
2008–2010Gouden Televizier-Ring Galaprogramleiar
2008Chalet Chantalprogramleiar
2009Zóóó 30programleiar med Ruben Nicolai
2008–2009Het hofvijverconcertprogramleiar
2009Wie is mijn ex?programleiar
2009RTL Boulevardprogramleiar
2009Uitreiking Gouden Loekieprogramleiar
2009Mies 80!programleiar
2009-2010Weten zij veel!?programleiar
2010Op zoek naar Freek … met Chantalprogramleiar
2010Backstage bij Petticoatdokumentar
2011-2017De Jongens tegen de Meisjesprogramleiar med Tijl Beckand
2011Zie Ze Vliegenprogramleiar med Carlo Boszhard, Irene Moors og Gordon
2011Sunday Night Feverprogramleiar
2012Beat the Bestprogramleiar med Gordon
2012Your Face Sounds Familliarjurymedlem
2013–2015Everybody Dance Nowprogramleiar
2013–Holland's Got Talentjurymedlem
2014Het beste van Holland's Got Talentprogramleiar
2014Beatrix, Met Hart en Zielprogramleiar
2014Billy Elliot: Van Auditie Tot Applausprogramleiar
2014–2017Chantal blijft slapenprogramleiar med
2014-2016The Voice Kidsprogramleiar med Thore Schölermann
2015Carlo's TV Caféprogramleiar med Carlo Boszhard
2015–2018Dance Dance Danceprogramleiar med Jandino Asporaat (sesong 1–3), og med Humberto Tan (sesong 4)
2015Superkidsjurymedlem
2015–2016Het Collectief Geheugenpresenter
2016It Takes 2programleiar med Gordon
2017Janzen & Van Dijkprogramleiar med Wendy van Dijk
2017&Chantalprogramleiar
2017-hedenChantal komt werkenprogramleiar
2018Doe het lekker zelfprogramleiar
2018Time to Danceprogramleiar med Jamai
2018The Talent Projectjurymedlem
2019The World's Bestjurymedlem
2019–All Together Nowprogramleiar med Jamai Loman
2019–Chantals Pyjama Partyprogramleiar
2019–Dancing with the Starsprogramleiar med Tijl Beckand
2019–The Voice of Hollandprogramleiar med Martijn Krabbé
2020Eurovision: Europe Shine a Lightprogramleiar med Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager
2021Eurovision Song Contest 2021programleiar med Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager

Musikalar

endre
Musikal
ÅrMusikalRolleMerknader
2000–200142nd StreetLorraine Fleming / Understudy Peggy Sawyer
2001–2003Saturday Night FeverStephanie ManganoJohn Kraaijkamp Musical Award 2002 for nytt talent
2003–2004Kunt u mij de weg naar Hamelen vertellen, mijnheer?Lidwientje Walg
2004–2005Crazy For YouPatsy / 1st understudy Polly BakerMuskalpris for beste birolle
2005–2007Skjønnheita og UdyretBelle
2007–2009TarzanJane
2010–2011Petticoat!Patricia «Pattie» Jagersma
2011–2012WickedGlinda
2012–2015Hij Gelooft in MijRachel Hazes

Privatliv

endre

Janzen er gift med Marco Geeratz, og paret har to barn: James, fødd i 2009; og Bobby, fødd i 2018. Geeratz har i tillegg tre barn frå eit tidlegare forhold.[9][22]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «The 4 ways to make Eurovision 2021 happen» (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020. 
  3. «Chantal Janzen in musical Wicked» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  4. «Liefde voor het theater lonkt weer bij Chantal Janzen» (på nederlandsk). 5. september 2019. Henta 18. september 2019. 
  5. Bartels, Bianca (10. oktober 2010). «Chantal Janzen stralend middelpunt in ’Petticoat’» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  6. «De beste films met Chantal Janzen» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  7. «Achter de sterren - Chantal Janzen» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  8. «A-Film Distribution start muzieklabel A-Film Music» (på nederlandsk). 8. oktober 2002. Henta 18. september 2019. 
  9. 9,0 9,1 Wilma Nanninga (18. september 2008). «Chantal Janzen met zwangerschapsverlof» (på nederlandsk). De Telegraaf. Henta 21. desember 2010. 
  10. «RTL 4 haalt Chantal Janzen binnen» (på nederlandsk). Volkskrantpublisher. 20. januar 2011. Henta 24. januar 2011. 
  11. «Chantal Janzen zag Divorce niet zitten» (på nederlandsk). 23. februar 2013. Henta 18. september 2019. 
  12. «Chantal Janzen heeft rolletje in Goede Tijden, Slechte Tijden» (på nederlandsk). 27. mars 2019. Henta 18. september 2019. 
  13. «Chantal Janzen gaat The Voice of Holland presenteren» (på nederlandsk). 8. mars 2019. Henta 18. september 2019. 
  14. «Chantal Janzen presenteert Dance, Dance, Dance». 2. mars 2015. Henta 18. september 2019. 
  15. «Chantal Janzen presenteert nieuw seizoen Dancing with the Stars» (på nederlandsk). 9. januar 2019. Henta 18. september 2019. 
  16. «Jamai Loman en Chantal Janzen in nieuwe RTL-zangshow» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  17. «Holland's Got Talent dumpt Patricia Paay» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  18. «Caro, Chantal en Roel in jury Talent Project» (på nederlandsk). 20. mai 2018. Henta 18. september 2019. 
  19. «Vuurdoop voor Chantal Janzen bij Duitse Voice Kids» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  20. «Chantal Janzen: Die neue Sat.1-Moderatorin aus Holland» (på tysk). Henta 18. september 2019. 
  21. «Exclusive: Introducing the Eurovision 2020 presenters!». EBU. 4. desember 2019. Henta 4. desember 2019. 
  22. «Chantal Janzen bevallen van zoontje Bobby» (på nederlandsk). 30. mars 2018. Henta 12. desember 2018.