Engelsk opning

Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
a8b8c8d8e8f8g8h8
a7b7c7d7e7f7g7h7
a6b6c6d6e6f6g6h6
a5b5c5d5e5f5g5h5
a4b4c4d4e4f4g4h4
a3b3c3d3e3f3g3h3
a2b2c2d2e2f2g2h2
a1b1c1d1e1f1g1h1
1.c4

Engelsk opning er ei sjakkopning som startar med trekket 1.c4, det fjerde mest populære opningstrekket i sjakk. Opninga fekk namnet etter at Howard Staunton brukte den i ein tvikamp mot Pierre St. Amant i 1843.

Kva som er «engelsk»

endre

Å beskrive nøyaktig kva som er engelsk opning og kva som er noko anna kan vere litt vanskeleg. Nøkkeltrekket er c2-c4 frå kvit, men dette trekket dukkar også opp i mange andre opningar, og difor kan ikkje alle parti som startar med 1.c4 kallast «engelsk». Etter litt ombyte på den vanlege rekkefølgja ein gjer trekka, såkalla trekkomkasting, så er ein inne i stillingar som vanlegvis startar med 1.d4 eller 1.Sf3. For eksempel, etter 1.c4 e6 2.Sf3 Sf6 3.d4 b6 har ein dronningindisk.

Heller ikkje alle parti som kan kallast «engelske» startar med 1.c4, for eksempel vil 1.Sf3 Sf6 2.c4 bli rekna som engelsk. Til og med parti som opnar med 1.d4 eller 1.e4 kan bli engelske, for eksempel 1.d4 Sf6 2.c4 c5 3.Sf3 eller 1.e4 c5 2.c4. Viss stillinga normalt oppstår etter at kvit har starta med 1.c4 er det truleg engelsk. Til dømes blir ikkje 1.Sf3 d5 2.c4 kalla «engelsk» men Retis opning, fordi stillinga sjeldan oppstår etter 1.c4 d5 2.Sf3 på grunn av kvit sitt høve til å spele 2.cxd5.

Prinsipp

endre

1.c4 er eit fleksibelt trekk. Kvit angrip sentrum med ein løparbonde og har ikkje bestemt kvar sentrumsbøndene skal plasserast enda. Trekket gjer ikkje like mykje for utviklinga som 1.d4 eller 1.e4 gjer, den einaste brikka som blir frigjort er dronninga. Imidlertid kan kvit no spele Sc3 utan at springaren kjem i vegen for c-bonden. Kvit kan halde sentrumsbøndene tilbake og la svart bygge opp eit sentrum som kvit satsar på å bryte ned, ein såkalla «hypermoderne» spelemåte.

Variantar

endre

Svart har mange moglege svartrekk på 1.c4.

  • 1...Sf6 er den vanlegaste og inviterer kvit til å spele d2-d4 med overgang til diverse indiske forsvar eller dronninggambit. Det finst ein del eigne variantar her. Ein av desse er 1.c4 Sf6 2.Sc3 e6 3.Sf3 Lb4 som liknar litt på nimzoindisk, men der kvit har halde tilbake d4-bonden for å unngå svekkingar i sentrum.
  • 1...c5 blir kalla symmetrisk engelsk. Svart spelar ofte på å bevare symmetrien og prøver å få til ei tidleg utlikning.
  • 1...e5 er svart sitt mest aggressive svar på 1.c4. Stillinga blir til ein slags siciliansk opning, men med ombytta farga. Sidan kvit spelar siciliansk med eit ekstra tempo er det sjeldan svart tillet ei tidleg opning av sentrum og stillinga blir derfor meir lik dei lukka variantane enn dei opne variantane.
  • 1...e6, 1...c6, 1...g6 og 1...d6 er alle ganske vanlege svartrekk, men dei vil nesten alltid føre til ei anna opning eller ein av dei tidlegare nemnde variantane av engelsk.