Hedmark fylke

tidlegare fylke i Noreg
«Hedmark» omdirigerer hit. For det gamle landskapet, sjå Hedmarken.

Hedmark fylke er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa mot Trøndelag fylke i nord, Oppland fylke i vest og Akershus fylke i sør. I aust grensa Hedmark til Sverige og dei svenske Dalarnas län og Värmlands län. Hedmark vart del av Innlandet fylke 1. januar 2020.

Hedmark
tidlegare norsk fylke
Symbol
Land Noreg
Del avAustlandet
Areal27 400 km²
 •  vatn1 156 km²
Folketal 197 406 (1. januar 2019)[1]
Kart
Hedmark fylke
60°50′00″N 11°40′00″E / 60.833333333333°N 11.666666666667°E / 60.833333333333; 11.666666666667
Wikimedia Commons: Hedmark
Nettstad: lwww.hedmark.org

Hedmark fylke vart skilt ut frå Oplandenes amt i 1781 under namnet Hedemarkens amt. Fylket kunne delast opp i distrikta Hedmarken og Solør i tillegg til Østerdalen, Odalen, Vinger og Eidskog. Det hadde to byar: Hamar og Kongsvinger. I tillegg kalla Elverum seg by etter det generelle høvet tettstadar med minst 5000 innbyggjarar og bymessig folkesetnad kan nytta seg av.

Geografi og topografi

endre

Over heile det tidlegare fylkesområdet finn ein jordbruk, og i enda større grad skogbruk.Barskog dominerer nesten fullstendig. Den eurasiatiske taigaen byrjar i fylket mellom Hamar og Elverum, går vidare til Sysslebäck og Malung i Sverige og held fram til Austersjøen og gjennom Finland og Russland til Stillehavet. Taigaen er kjenneteikna av barskog som gran og furu på skogbotn av lyng og mose, med innslag av bjørk og rogn og av og til grasdekte enger.

Det høgaste fjellet i fylket er Rondeslottet på 2178 moh., grensa til Oppland fylke går over denne toppen, akkurat som same grense delar Noregs største innsjø Mjøsa mellom fylka.

Elles låg det meste av fylket i det som blir kalla lågland, sjølv om den nordlege og nordvestlege delen hadde fjellområde som Rondane, og den nordaustlege slike som Sylene. Frå Sylene er det høgland store delar av strekninga derfrå og sørover langs svenskegrensa heilt til Finnskogen i Grue og Kongsvinger.

Klima

endre

Klimaet i hedmarksområdet er typisk kontinentalt og berre i sørvest dempar Mjøsa og Oslofjorden vinterkulda.

Det bles sjeldan kraftig og som regel følgjer vinden dalføra, frå nordvest om vinteren og frå søraust om sommaren. Om vinteren vil den svake vinden føre til at ein ofte har temperaturinversjonar, der temperaturen stig med høgda. Januar er kaldast med ein middeltemperatur frå −6 til −8 °C i sør, −10 til −13 °C i nordlege dalstrøk. Stundom kan temperaturen falle til under −40 °C i nord og Engerdal målte i januar 1987 −47 °C som kulderekord i fylket. I juli varierer middeltemperaturen frå kring 16 °C i sør til kring 13 °C i øvre dalføre. Det er òg kjøligare enn dette i høgda. Varmerekordane i fylket ligg på kring 30 °C. Dei indre dalstrøka kan få frostnetter sjølv på sommaren.

Fylket har ein årsnedbør på 600-800 mm, og mest nedbør kjem det om sommaren. Nedbøren aukar i høgda og er opp i 1000 mm sør på Hedmarksvidda, og kan vere så låg som kring 400 mm i skjerma dalstrøk.

Fylket kan få ein del tåke nær vatn sør i fylket. Dette er typisk strålingståke og er vanlegast om hausten og tidleg på vinteren. På Hedmarksvidda kan det bli ein del tåke i sørleg vind, som fører inn lågt skydekke.

Namnet

endre

Hedmark fylke har namn etter landskapet Hedmarken på austsida av Mjøsa, gamalnorsk Heiðmǫrk, der fyrstelekken kjem av folkenamnet heidner.

Historie

endre

Det er funne restar av steinalderbusettingar over nesten heile fylkesområdet. Helleristningar av elg er funne ved Mjøsa i Ringsaker.

Det eldste bronsealderfunnet i Noreg er gjort på Nes på Hedemarken. Jernalderfunn er gjort over heile fylket, spesielt mange frå vikingtida. Gravhaugar finst frå bronsealder fram til kristen tid.Solør skal ha vore eit mektig kongerike mellom 300 og 800 i følgje Ynglingesoga .

I Hamar-området utvikla det seg ein byliknande struktur med kaupangÅker i Vang allereie på 500-talet.

I vikingtida vart dette senteret flytta til den odden i Mjøsa som seinare fekk ei domkyrkje (domkyrkjeodden) i samband med at staden vart bispesete i 1152. Her kan det rundt 1050 ha vore slått mynt.

Svartedauden ramma området hardt, og det var her som ellers i landet ei nedgangstid. Rett før reformasjonen forsvann Hamar som marknad, og ved reformasjonen i 1536 forsvann bispesetet.

Fylket vart råka av alle krigane Noreg og Danmark-Noreg var med i.Under den andre verdskrigen var det viktige kampar mellom tyskarar og nordmenn ved Midtskogen gard og Kongsvinger i april 1940. Tyske fly bomba Elverum i april 1940.

Kommunar

endre
Kommunar i Hedmark
Nr.NamnAdm.senterFolkemengdFlatevidd km²MålformDistrikt
0402 KongsvingerKongsvinger000000000001036.00000000001 036bokmålGlåmdalen
0403 HamarHamar000000000000351.0000000000351nøytralHedmarken
0412 RingsakerBrumunddal000000000001281.00000000001 281bokmålHedmarken
0415 LøtenLøten000000000000369.0000000000369bokmålHedmarken
0417 StangeStange000000000000724.0000000000724bokmålHedmarken
0418 Nord-OdalSand000000000000508.0000000000508bokmålGlåmdalen
0419 Sør-OdalSkarnes000000000000517.0000000000517bokmålGlåmdalen
0420 EidskogSkotterud000000000000640.0000000000640bokmålGlåmdalen
0423 GrueKirkenær000000000000837.0000000000837bokmålGlåmdalen
0425 ÅsnesFlisa000000000001041.00000000001 041bokmålGlåmdalen
0426 VålerVåler000000000000705.0000000000705bokmålGlåmdalen
0427 ElverumElverum000000000001229.00000000001 229nøytralSør-Østerdal
0428 TrysilInnbygda000000000003014.00000000003 014bokmålSør-Østerdal
0429 ÅmotRena000000000001340.00000000001 340bokmålSør-Østerdal
0430 Stor-ElvdalKoppang000000000002166.00000000002 166bokmålSør-Østerdal
0432 RendalenBergset000000000003180.00000000003 180bokmålNord-Østerdal
0434 EngerdalEngerdal000000000002197.00000000002 197bokmålSør-Østerdal
0436 TolgaTolga000000000001123.00000000001 123nøytralNord-Østerdal
0437 TynsetTynset000000000001880.00000000001 880nøytralNord-Østerdal
0438 AlvdalAlvdal000000000000943.0000000000943nøytralNord-Østerdal
0439 FolldalFolldal000000000001278.00000000001 278nøytralNord-Østerdal
0441 OsOs000000000001040.00000000001 040nøytralNord-Østerdal
Totalt HedmarkHamar'000000000027400.000000000027 400nøytralHedmark

Politikk

endre

Fylkestinget hadde 33 representantar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population and changes during the quarter (M) 1997K4 - 2019K2». Henta 17. november 2019.