Judy Dyble

britisk songar

Judith Aileen Dyble, betre kjend som Judy Dyble, (13. februar 194912. juli 2020) var ein prisvinnande britisk songar og låtskrivar som var mest kjend for å ha vore med på å starte Fairport Convention. Ho er ofte vorte omtalt som ein folkrock-artist, sjølv om ho faktisk aldri gjorde innspelingar innan denne sjangeren med bandet. Ho spelte òg i Trader Horne, og var ei kort stund med i starten av King Crimson. I tillegg arbeidde ho stundom på ei solokarriere og i 2009 gav ho ut det prisvinnande albumet Talking with Strangers.

Judy Dyble

Fødd13. februar 1949
FødestadFitzrovia
Død12. juli 2020 (71 år)
FødenamnJudy Aileen Dyble
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-2020
Sjangerrock
Instrumentvokalist, autoharpe, piano, blokkfløyte
Tilknytte artistarFairport Convention
Giles, Giles and Fripp
Trader Horne
Verka somsongar

Biografi

endre

Det første bandet hennar var Judy and The Folkmen, som eksisterte mellom 1964 og 1966. Ho vart så den første vokalisten i Fairport Convention frå 1967 til 1968. Albumet spelte inn debutalbumet med ho. Under konsertane seint på 1960-talet delte ho scene med namn som Jimi Hendrix og Pink Floyd med Syd Barrett. Ho er mellom anna kjend for å ha sete på scenen og strikka medan Hendrix og Richard Thompson spelte i lag. Dyble var òg gjest på The Incredible String Band-albumet The Hangman's Beautiful Daughter i 1968 og på G.F. Fitz-Gerald sitt Mouseproof i 1970.

Etter Fairport Convention, vart Dyble (i lag med den dåverande kjærasten Ian McDonald) med i det engelske popbandet Giles, Giles and Fripp[1] ved å sette inn ei annonse i Melody Maker.[2] Bandet, utan Dyble, utvikla seg etter kvart til det progressive rockebandet King Crimson.

Dyble starta seinare duetten Trader Horne, med tidlegare Them-medlem Jackie McAuley.[3]

I 1973 forlet Dyble musikkindustrien for å arbeide med ektemannen DJen Simon Stable og seinare arbeidde ho som bibliotekar.

I 1981 under den årlege Fairport Convention-gjenforeininga dukka Dyble overraskande opp som gjesteartist. Ho dukka òg opp i 1982, og på 30- og 40-årsjubileet deira.

I 2003 byrja Dyble å skrive låtar og spele igjen og ho gav ut fleire album.

Judy Dyble har også samarbeidd med norske Sleepyard på dei to albuma Black Sails (2014) og Winter Crickets (2017).

Diskografi

endre
Album
TittelArtistSelskapKatalognr.UtgjeveRegion
Fairport ConventionFairport ConventionPolydor583 035Juni 1968UK
Morning WayTrader HorneDawnDNLS 3004Mars 1970UK
JanusJLS3012USA
Enchanted GardenJudy DybleTalking ElephantTECD 068September 2004UK
SpindleJudy DybleTalking ElephantTECD 084Februar 2006UK
The WhorlJudy DybleTalking ElephantTECD 094Juli 2006UK
Talking with StrangersJudy DybleFiXiT/BrilliantFXTRCD 113August 2009UK

Kjelder

endre
  1. «Giles,Giles & Fripp feat Judy Dyble I Talk To The Wind». YouTube. 26 February 2009. Henta 27. januar 2011. 
  2. Barroso, Koldo (mars 2007). «Interview with Judy Dyble of Fairport Convention». The Marquee Club. Arkivert frå originalen 5. juli 2008. Henta 27. januar 2011. 
  3. «Judy Dyble». Burning Shed. 2009. Henta 27. januar 2011. 

Bakgrunnsstoff

endre