Kåre Olav Berg

Kåre Olav Berg (9. april 194424. februar 2007) var ein kombinertrennar som både var fødd og døydde i Dalsbygda i Os kommune i Hedmark. Han tok NM-gull i kombinert i 1969, 1970, 1971 og 1972, og fekk bronsemedaljen i 1968. Berg vann kombinertrennet i Svenska skidspelen i 1969 og i Lahtispelen i 1970. Han deltok både i OL i Grenoble i 1968 og i Sapporo i 1972, og vart høvesvis nummer 28 og nummer 8.

Kåre Olav Berg
StatsborgarskapNoreg
Fødd9. april 1944
Os kommune
Død

24. februar 2007 (62 år)
Os kommune

Yrkeskihoppar, kombinertløpar

Berg fekk Kongepokalen i skiidrett i 1970.[1]

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

endre
  • 1968: Nr 4 i Svenska Skidspelen i Falun, nr 5 i Holmenkollen og nr 11 i Lahti
  • 1969: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun
  • 1970: Vinnar i Lahti og nr 5 i Holmenkollen
  • 1971: Nr 4 i Lahti
  • 1972: Nr 8 i vinter-OL i Sapporo, nr 7 i Lahti
  • 1973: Nr 10 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

I tillegg til å vere kombinertrennar, var han i si tid også aktiv som målvakt på IL Nansen sitt fotballag.

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  1. «Kongepokaler NSF historisk oversikt» (PDF). Skiforbundet. Henta 1. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre
  • (en) Kåre Olav Berg – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.