Manfred Kaltz

tysk fotballspelar

Manfred Kaltz (fødd 6. januar 1953) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Ludwigshafen am Rhein som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980 og vann Europacupen med Hamburger SV i 1983.

Manfred Kaltz
Manfred Kaltz 2012
Personleg informasjon
Fullt namnManfred Kaltz
Fødselsdato6. januar 1953 (71 år)
FødestadLudwigshafen am Rhein i Vest-Tyskland
Høgd181 cm
PosisjonHøgreback
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar(Mål)
1971-1989Hamburger SV 568(76)
1989Bordeaux1(0)
1989-1990Mulhouse13(1)
1990-1991Hamburger SV13(0)
Totalt594(77)
Landslag
1975-1983Vest-Tyskland69(8)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel

endre

Kaltz var ein høgreback med stor løpskraft. Han spelte 581 kampar i den vesttyske bundesligaen i åra 1971 til 1991, alle saman på Hamburger Sportverein, og skåra 76 ligamål. Med laget sitt vart han vesttysk cupmeister i 1976, vinnar av Cupvinnarcupen 1977 og vesttysk ligameister i 1979, 1982 og 1983. Etter finaletap mot Nottingham Forest i Europacupen 1980 og mot IFK Göteborg i UEFA-cupen 1982, lukkast Hamburg og Kaltz å vinne Europacupen 1983 med 1-0 over Juventus i finalen. Sin siste triumf med laget sitt opplevde Kaltz då han i 1987 for andre gong var med å vinne den nasjonale cupmeisterskapen.

Landslagsspel

endre

Kaltz debuterte på det vesttyske landslaget i september 1975, men det var fyrst i 1977 han fekk plass i fyrsteellevaren. Han spelte alle seks kampane til Vest-Tyskland under fotball-VM 1978 og deltok i fire kampar då Vest-Tyskland vann EM i fotball 1980, men var ikkje med i finalen. Derimot var han på bana då Vest-Tyskland tapte VM-finalen 1982 med 1-3 mot Italia. I februar 1983 spelte han i Lisboa sin 69. og siste landskamp. Han skåra åtte landslagsmål.

Merittar

endre
  • Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1982 med Vest-Tyskland
  • Vinnar av Europacupen: 1983 med Hamburger SV
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1977 med Hamburger SV
  • Vinnar av Bundesliga: 1979, 1982 og 1983 med Hamburger SV
  • Vinnar av den vesttyske cupfinalen: 1976 og 1987 med Hamburger SV

Kjelder

endre