Polar Park

Polar Park (tidlegare Polar Zoo) er ein dyrepark i Bardu kommune i Troms. Han opna 18. juni 1994, baserer seg på å visa fram dyr i sine naturlege omgjevnadar. Dette inneber at kvar art får mykje plass i boltra seg på; med 1100 mål fordelt på berre 12 innhegningar har parken verdas største areal per dyr. I tillegg til denne rekorden er han verdas nordlegaste dyrepark. Samanlikna med andre dyreparkar legg Polar Zoo stor vekt på sjølve dyrehaldet, og mindre på underhaldning.

Ulv i Polar Zoo
Foto: Johannes Jansson, 2009
Brunbjørn
Foto: Johannes Jansson, 2009

Ein av dei største attraksjonane til dyreparken er bjørnane Salt og Pepper, som kom til parken som små ungar i 2009. Det at Salt er albino, og dermed har heilt kvit pels, gjer at dei har stor publikumsverdi. At publikum kan sleppa inn i innhegningane og vera i nærkontakt med dyreungar og vaksne ulvar, er òg populært.

Dyr i Polar Park

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Commons har multimedium som gjeld: Polar Park