Provinsen Firenze

Provinsen Firenze (italiensk Provincia di Firenze) er ein tidlegare provins i Toscana i Italia. Han blei erstatta i 2015 av Città metropolitana di Firenze ('Metropolbyeb Firenze').

Provinsen Firenze
provins
Symbol
Land Italia
RegionToscana
HovudstadFirenze
Areal3 514 km²
Folketal 933 860
Postnummer50100
Retningsnummer055
Kart
Provinsen Firenze
43°46′17″N 11°15′15″E / 43.771388888889°N 11.254166666667°E / 43.771388888889; 11.254166666667
Wikimedia Commons: Province of Firenze

Provinsen hadde eit areal på 3 514 km² og totalt 933 860 innbyggjarar (2004). Det var 44 kommunar i provinsen.Provinshovudstaden var byen Firenze.

Mykje av provinsen låg på sletta til elva Arno og store delar av han høyrde til storbyområdet til Firenze. Den nordaustlege delen av provinsen, som låg i Appenninane, var derimot langt meir urørt.

Bortsett frå Firenze var andre byar og viktige stader i provinsen Barberino Val d'Elsa, Fiesole, Greve in Chianti og Tavarnelle Val di Pesa.

Største kommunar

endre

(Per 30. juni 2005)

KommuneIbuarar
Firenze368 178
Scandicci49 774
Sesto Fiorentino46 631
Empoli46 056
Campi Bisenzio39 101
Bagno a Ripoli25 539
Fucecchio22 006
Pontassieve20 602

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre