Provinsen Santa Cruz de Tenerife
Provinsen Santa Cruz de Tenerife eller Provinsen Santa Cruz (spansk Provincia de Santa Cruz de Tenerife) er ein provins i Spania og utgjer den vestlege delen av den autonome regionen Kanariøyane i Atlanterhavet. Han inneheld øyane Tenerife, La Gomera, El Hierro og La Palma, samt Los Roques de Anaga, Salmor og Garachico. Provinsen har eit samla areal på 3381 km².
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/92/Localizaci%C3%B3n_provincia_de_Santa_Cruz_de_Tenerife.png/220px-Localizaci%C3%B3n_provincia_de_Santa_Cruz_de_Tenerife.png)
Provinshovudstaden er Santa Cruz de Tenerife (ofte berre kalla Santa Cruz) på øya Tenerife. Det bur kring ein million innbyggjarar i provinsen og ein fjerdedel bur i provinshouvdstaden. Santa Cruz de Tenerife er òg regionshovudstad i den autonome regionen. Det er 53 kommunar i provinsen.
Det høgaset fjellet i Spania, Teide på 3718 moh, ligg på Tenerife.
Den andre provinsen i øygruppa er provinsen Las Palmas.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Province of Santa Cruz de Tenerife» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.